
Askelund
Askelund
Eit stykke vest for Balestrand sentrum ligg den gamle futegarden Askelund, ein av dei vakraste embetsmannsgardane på Vestlandet. Huset har sidan det vart bygd i 1790 hatt ei vekslande og fargerik historie: Bustad for futen i Ytre Sogn fogderi, rikmannsbustad, hotell, sommarbustad, ungdomsskule og asylmottak.
Meistertjuven Gjest Baardsen skal visstnok sete fengsla i kjellaren på Askelund.
Staseleg hovudhus
I 1790 kjøpte futen Jakob Hegelund frå Danmark eigedomen og kalla den «Askelund». Den var tidlegare ein del av nabogarden Fjærestad.
Futen bygde det praktfulle hovudhuset med stort valmetak, eit mindre hus som vart kalla skulehuset, borgstove, stabbur og andre uthus kring tunet. Ein stor fjellstøl med rikt beite høyrde også med til garden. Han bygde òg ei bryggje, slik at ein kunne komme roande eller siglande til gards.
I løpet av ti år endra Hegelund eigedomen frå å vere eit bruk under Fjærestad til å verte eit stort og flott anlegg. Askelund vart eit senter i Sognefjorden.
Johan Nordahl Brun
I 1803 selde Hegelund futegarden til etterkomaren sin, futen Rasmus Carl Holck. I hans «regjeringstid» var m.a. biskop Johan Nordahl Brun på vitjing. Då vart det skipa til stor fest, der futen hadde bede til seg ein prost, to sorenskrivarar, to infanteriskrivarar og dei fleste embetsfolka i Sogn. Då vart det skote med kanoner frå Askelund - til ære for gjestene.
Fornya jordbruket
i 1814 vart Askelund selt til futen Rasmus Endresen. Han vart avsett i 1837 på grunn av økonomisk rot, og då han døydde i 1841, vart eigedomen overteken av enkja. Ho selde vidare til den nye futen Johan Widing Heiberg Landmark i 1846. Han vart ein sentral mann i bygda.
Landmark fekk Staten til å ta over Askelund. Han gjorde avtale med bønder på Fjærestad, Sjøtun og Bale, slik at dei fekk bruke den store fjellstølen i Langedalen. Han arbeidde elles for skogreising og betre jordbruk i bygda. Han vart kalla «Gamle-futen» og ingen fut hadde same stilling som han hos bøndene.
Askelund vert sommarvilla
Etter at futeembeta vart avvikla i 1898, vart Askelund året etter selt til sakførar Hans Bonnevie Angell frå Bergen. Han busette seg ikkje i Balestrand, men dreiv garden med paktar. No vart Askelund sommarbustad for rike bergenserar. Angell selde etter kvart unna mykje av eigedomen, slik at berre jorda kring futebustaden vart att.
Hotelldrift
Tyskaren Frantz Reinboth (fødd 1881) kjøpte hovudhuset i 1912 og dreiv det som hotell. Keisar Wilhelm 2. hadde gjort Balestrand kjent i Tyskland, men første verdskrig gjorde slutt på hotelldrifta.
Rikfolk frå Bergen – eigen gartnar
I 1916 vart Askelund selt til Emanuel Danielsen og Paul Scholz frå Bergen. Begge var velståande forretningsmenn, som nytta Askelund til sommarbustad. Der heldt dei flotte hageselskap og Kristen Lunde, Georg Mehl og Bernhard Linde var etter tur tilsette som gartnarar.
Futegarden vart freda i 1923.
Sogn Indremisjon startar ungdomsskule
I 1930-åra var Sogn Indremisjon på leiting etter ein stad der dei kunne starta ungdomsskule. Dei kom i kontakt med Danielsen og fekk i 1936 kjøpa eigedommen for 44.000 kr. Det vart bygd klasserom, internatbygg, sløydbygg og gymnastikksal.
Ungdomsskulen på Askelund hadde i mange år ei sterk stilling i Balestrand og Sogn. Elevtilgangen minka utover i 1980-åra, og skuledrifta vart lagt ned i 1987.
Skulen vart brukt som asylmottak for flyktningar i to periodar i byrjinga på 1990-talet. Deretter var det uvisst kva eigedommen skulle brukast til. Sogn Indremisjon vedtok difor i 1997 å selje Askelund.
Nye eigarar
Frode Høyvik og Anita Nyland Høyvik kjøpte eigedommen i 1998. Fram til 2011 dreiv dei Askelund som pensjonat og restaurant. Dei hadde alle typar tilskipingar, som bryllaup, fødselsdagar, konfirmasjonar, julebord og representasjonsmiddagar.
I dag brukar dei Askelund berre i privat regi.
Kjelder:
Bygdebok for Balestrand Bind II – Gards- og ættesoge - Gunnar Urtegaard
Norsk allkunnebok – allkunne.no
Fylkesarkivet
Fylkesleksikon
Gulleplet