Balahaugen

Høyr Nasjonalsongen
 

“Balahaugen – samlingsplass i over hundre år

Det vi kallar «Balahaugen» er to gravhaugar og området rundt. Haugane og sletta ovanfor mot barnehagen har vore samlingsplass så lenge alle nolevande balestrandingar kan hugsa – og mykje lenger.

Det fins dokumentasjon på at det var ei samling her i 1905 før avreise til Tjugum kyrkje for folkerøysting om unionsoppløysinga med Sverige.

Om statuene

På den eine haugen finn vi Kong Bele som ifølgje sagnet var konge i Sygnafylket (Sogn). Han har sidan 1913 site på steinen sin og skoda tenksamt utover landskapet. Statuen var, til liks med Fridtjovstatuen på Vangsnes ei gåve frå keisar Wilhelm II, som vitja norske fjordar mest kvart år frå 1889 til 1914. I Balestrand var han kvar sommar frå 1903 til krigsutbrotet i 1914.

Statuane vart avduka i august 1913 og plasserte Vangsnes og Balestrand i sentrum av verdas merksemd ei kort stund. Keisaren og Kong Haakon var til stades, og alt vart skildra av medfølgjande journalistar frå heile Europa. Spesielt arrangementet på Vangnes var storslagent, men avdukinga av Kong Bele same dag var også ei storhending i Balestrand.

Balabjørka

På den andre haugen er «Balabjørka» og ein bautastein som opphaveleg kjem frå Flesje. Dette har vore motiv for både maleri og postkort. Frå haugen har det vore halde tallause 17.mai-talar. Den gamle bjørka vart teken ned på slutten av 80-talet, då den hadde teke til å rotna. Det vart laga ein talarstol av den innhola stammen, som seinare m.a. vart brukt ved 17. mai-talane. Ny bjørk vart planta og stelt pent med, og den har vakse seg stor og fin.

17.mai-feiring

Det er vel først og fremst 17.mai-feiring vi tenkjer på når Balahaugen vert nemnd. Folketoget, med musikklaget i spissen, enda opp her. Dei grøne benkene var på plass, og det var pynta med flagg. «Kven skal tala på haugen i år», vart det gjerne sagt - Ikkje «kven skal halda 17.mai-talen». Dette understrekar kor «grunnfesta» 17.mai-feiring på Balahaugen har vore. Like sikkert som talen for dagen var innslag frå musikklag og songlag, samt russeplakatar, russetale og barneleikar. I dei seinare åra er 17.mai-feiringa av praktiske årsaker flytt til Belehalli.

Det er delte meiningar om dette. Nokre meiner at ein burde ha halde på tradisjonen med feiring på Balahaugen.

For å markere tusenårsskiftet og unionsoppløysinga i 1905, vart alle kommunar oppmoda om å velja ein «tusenårsstad». Det vart ytt statlege midlar for å oppgradere tusenårsstaden. For Balestrand kommune var Balahaugen eit naturleg val, og dei statlege midlane er nytta m.a. til rydding, planting, hellelegging og bocciabane.

Balahaugen blir også brukt til andre arrangement, t.d. som konsertarena når det har vore songarstemne i bygda. Balestrand idrettslag har sidan 1979 arrangert landevegsløpet «Esefjorden rundt» 1. mai kvart år. Målgang og premieutdeling går føre seg på Balahaugen. Det brukar å vera mykje folk samla i målområdet når løparane kjem i mål.

_