Fargarstova

 

Fargarstova

Fargarstova er ein kjend bygning i Holmen. Det ligg bak rådhuset på det som opprinneleg var ein bygseltomt under bruk 13 til Kviknefamilien. Huset vart bygd rundt 1877/78 av Rasmus Valentinsen frå Bergen, som var fargar av yrke. Rasmus Mathias gikk i fargarlære i Bergen hos farvermester Lampe. I 1860 blei han ferdig fargarmeister og fekk borgerbrev i Bergen. I 1856 gifta han seg med Berthe Sophie Larsdatter (1834-1870) som han fekk 8  born med. Etter Berthe Sophie døydde flytta Rasmus til Balestrand i 1972

I innflytnings protokollane i kyrkjeboka står Mariane Pedersen (1855-1939) frå Bergen oppført som pleiedatter. Den 21.februar 1873 gifter Rasmus Mathias og Mariane seg med kvarandre i Tjugum. Ho har nettoppfylt 18 år og han er 40. Tre veker seinare får ho ei dødfødt dotter. Mariane får fleire born i Balestrand og eit av disse er Antonette Beathe «Tulli» f. 1889 i Balestrand d. 1983 Balestrand. Hobudde i «Valentinsenhuset» til sine gamle dagar.

Då yngste dottra Tulli døydde, og som var den siste som budde i huset, var det uvisst kva som ville skje med stova. Huset var gamalt og trengde vedlikehald. Nokre ville riva det. Alvhild Tveit, som var leiar i kulturstyret, meinte at stova hadde sin verdi og burde restaurerast og takast vare på.

Ho arbeidde energisk for å samla støtte for sitt syn.Til slutt fekk ho og reist ein del midlar til restaureringa og det vart gjort vedtak om å ta vare på stova. På slutten av 1980-åra vart stova sett i stand, og tanken var å nytta ho til kulturføremål, utstillingar med meir. Då stova var ferdig restaurert og skulle innvigast, kom etterkomarar etter Alfred Heaton Cooper og kona Mathilde Marie Valentinsen frå England. Dei hadde med seg eit målarstykke som dei gav til stiftinga som hadde ansvar for stova.

Stova blei nytta i ein kulturfunksjon i nokre år, men seinare vart ho seld til private. I dag er stova i privat eige og vert nytta som feriestad. Stova vart berga og sjølv om ho er i privat eige står ho der i dag som eit minne om fargar Rasmus Valentinsen og om tida då sentrum i Balestrand voksfram som følgje av aukande turiststraum til bygda.