Friluftskaféen Hygea

Det yrande kafélivet i Balestrand

Keisar Wilhelm II har utan tvil gjort Balestrand kjent ute i Europa med sine reiser til Balestrand med «Hohenzollern», som ankra opp i Esefjorden tidleg på 1900 talet.

Faste båtruter frå Bergen til Sogn gjorde òg til at trafikken til hotella auka mykje. Den aukande trafikken førte til etablering av nye arbeidsplassar som t.d. bakeri, urmakar, frisør og brusfabrikk. Eit satsingsområde var kaféane som vart etablerte, enten som tilleggsnæring i eige husvære eller i spesifikke bygg.

Nå ein tenkjer seg tilbake til Keisartida, er det lett å sjå føre seg kaféar som serverte forfriskingar langs heile stranda, mot Sande og Bruhjell. Det var og kaféar i Esebotn og i sentrum.

Den mest kjende kafeen var nok «Café Jotunheimen» (1913) i Villa Jotunheim og den merkelege friluftskaféen «Kafé Hygea» (1890). 

Andre kaféar var «Meieriet» ved Skåsheimelvi (1928), »Thesalonen» (1924) under Sande, «Kafé Viking» (1914), (Sigrid Thue), »Café Stormly» (1928), «Kong Beles Kafé» (1920), «King Baileys Cabin» (1910), «Ese sin kafé» i Holmen (1905), «Kaffistova» (1920), «Sentrum kafé» (1958), »Hjelseng kafé» (1920-åra), «Turistkaféen» (1939), «Mjølkebaren» (1956), «Svingen kafé» (1946), «Marta  Lidal» sommarkafé (1950-60), «Esebotten seterhytte» (1928).

Ikkje mindre enn 17 kaféar held ope i tida 1910-1960 , nokre få på heilårsbasis, medan dei fleste var sommaropne. Kafédrifta gav tilleggsinntekt for mange i denne tida, som var ei blømande tid i Balestrand.


Friluftskaféen Hygea

Dette var den fyrste kaféen som vart etablert - eit par kilometer frå sentrum i Balestrand. Det vart sett opp ei lita hytte på 1890 talet, ved den brusande Skåsheimselvi. Det stod eit stort almetre ved sida av bygget, der det vart snikra ei plattform med plass til bord og stolar. Frå kaféen til plattforma gjekk det ein løypestreng der det var festa ein liten kopi av polarskuta “Fram”. Denne vart nytta til å sende forfriskingar mellom kaféen og plattforma.

Kaféen i treet ved Hygea Foto:

Etablissementet fekk namnet «Hygea» etter den greske gudinna for helse.

Nemninga “friluftsrestaurant” vitnar om kjennskap til urbane kulturar, der dei framhevar rein luft som eit ekstra gode. Plasseringa ved den brusande elva legitimerer i høgste grad bruken av namnet.

Kaféen hadde, etter sigande, ein svært god vinkjellar. Ein nøgd gjest, Herman Plug, skriv i Sogningen 1898: 

«…Så kom jeg dit, hvor Skaasheimselven bruste, et venlig sted, et stykke Romantik,-høit i et almetræ hvor man kunde puste ved bord og benk og faa fin «Gudedrik». Her var «Hygea», Frilufts Restauranten, som Christen Skaasheim fik så pent i stad»

Hygea-kaféen var ein svært populær kafé i denne tida, der mange turistar fann vegen.


Polarskuta “Fram” som serveringsbrett

I ein reklame frå denne tida står det slik:

«FRILUFTSCAFÉEN HYGEA SERVERTE «FORFRISKNINGER, KAGER OG VINE» OPPE

I EIT STORT TRE TIL TURISTAR PÅ PROMENADETUR LANGS SOGNEFJORDEN:

«UDSIKTSBALKON I ET ALMETRÆ, HVOR POLARSKIBET «FRAM» GJENNEM

LUFTEN PASSERER FREM OG TILBAGE. GJÆSTER BEDES OM Å LÆGGE SIN

BESTILNING I SKIBET. NB! ISKOLD KJÆLDER, RASK BETJENING.» KAKER OG

FRUKTVIN KOM SÅ TILBAKE I DET VESLE TAUBANESKIPET.»



Kjelde: Mary Ann Menes – Balestrendingen 2019, «Yrande kaféliv langs Balestrondi «.