Frukt i Sogn



Sogn tidleg ute med epledyrking

Arkeologiske funn frå Sverige viser at det har vakse eple i Norden sidan eldre steinalder.  Osebergskipet vart haugsett i 834 og inneheldt 54 små eple, og det er funne eplekjernar frå 1000-talet.  Den første frukthagen i landet er likevel Aldinhage i Vik i Sogn som er nemnt i Sverressoga frå 1201.  Hagen måtte vera planta på midten av 1100-talet, omlag då Hopperstad stavkyrkje vart bygt.  Noko seinare er det nemnt eplehagar på Kvåle og Nes i Sogndal.  På 1200-talet vart eplet ei kongeleg symbolfrukt, som vi finn att i rikseplet.  På 1300-talet er det også nemnt eplehagar i Nordfjord og Hardanger. Sogn var altså det tidlegaste området for norsk epledyrking.

 Flesje

På dei største gardane i Balestrand, som på Bala, kan det ha vore epledyrking i svært tidleg historie, men det er på Flesje me kan lesa om den første frukthagen.  På 1800-talet hadde Futen på Askelund både frukthage og destilleri, så her vart det nok laga sterkare saker av frukta. 

Balestrand fruktlager

Balestrand fruktlager vart skipa i 1957 og hadde på 1980-talet omlag 90 aktive medlemer som leverte eple, pærer, plommer, bringebær og jordbær.  I 1996 starta Balholm med produksjon av eplemost og sider i den same bygningen.