Gamleheimen

Balestrand Gamleheim

10. oktober 1920 vart Balestrand Gamleheim offisielt opna, med ei høgtideleg feststund. Etter fem år med planlegging og iherdig pengeinnsamling, kunne endeleg bygda skilte med det som skulle vere «ein god og hyggjeleg heim åt dei gamle og veike innan Tjugum og Vangsnes sokner». Bidragsytarane var mange og rause, og arkitekt Henrik Halding leverte teikningane til gamleheimsbygningen utan vederlag. 

Jacob Gerhard Meidell

Sjølve huset vart derimot ikkje bygt nytt frå grunnen av. Eldste delen skriv seg attende til 1855, då militærkaptein Jacob Gerhard Meidell frå Flesje valde seg ut Sande som ein høveleg stad til å byggje og bu. Ein akvarell syner korleis hovudhuset såg ut i hans tid. Ein kjenner stadig att den karakteristiske steintrappa, vindauga, flaggstonga og hagemuren. Dette trass i at huset vart påbygt i to omgangar tidleg på 1900-talet; først for grunnleggjaren av Vadheim Elektrochemiske Fabriker, Edgar Arthur Ashcroft, i 1908, før huset fekk noverande form i 1918.

Gardsdrift

I 50 år var gamleheimen driven utelukkande ved hjelp av private midlar, innsamlingar, gåver og basarinntekter. Til eigedomen høyrde både pryd- og nyttehage, der det vart dyrka poteter, grønsaker, frukt og bær. Like fram til 1960-åra var det òg høns, gris og eit par kyr på bruket. Til alt hell var gardsdrifta over før ein tunbygning som inneheldt eldhus, fjøs og løe brann ned til grunnen i 1968.

Helsetunet

Balestrand kommune kom med tilskot til drifta i 1970, og etter at Helsetunet stod ferdig i 1977 gjekk den tidlegare gamleheimen ut av bruk. Tida som eit naturleg samlingspunkt for bygdefolk var såleis over, og 17. mai-toget var ikkje lenger å sjå i hagen på Sande.

Eit tiår prega av stadig aukande forfall gjorde framtida uviss for det historiske huset, inntil kommunen valde å selje bygningen til private i 1989.

Kjelde: Laberg, Jon: Balestrand. Bygd og ætter. Utgjeve i kommisjon hjå Lunde & Co.’s, Bergen 1934: 261.