Høyvikhuset

 

“Ein heim med stolt handverkstradisjon”

Ivar og Eli

Ivar Høyvik f. 13.08.1881 kom frå Gulen i Sogn. Han gjekk først ei tid i lære hos Lars Kinsarvik i Hardanger, og etter det i fleire år hos Magnus Dagestad på Voss, der han også gjorde sveinestykket sitt. Eli Græe f. 15.11.1879 frå Voss hadde gått på Bergen Kvindelige industriskole og lært fint broderi, som hardangersaum og perlebroderi. 

Det var på den årlege husflidsutstillinga på Vossevangen i 1905 dei møtte kvarandre og forlova seg kort tid etter.

Unionsoppløysinga

Dette var ei spesiell tid for Noreg. «Norskdomsrørsla» hadde i fleire år gjort sitt til å førebu Noreg på å frigjere seg frå unionen med Sverige. Det gjorde dei gjennom å styrke den norske identiteten og hente fram det «urnorske» – mellom anna ornament frå vikingskip og stavkyrkjer. Kong Oscar II av Sverige var ikkje villig til å gje slepp på Noreg, og det såg ut til å kunne bli krig mellom dei to landa. Ivar vart send som grensesoldat til Sverige, men heldigvis roa det seg ned og unionen vart oppløyst på fredeleg vis. 

Til Balestrand

Ivar og Eli bestemde seg for å flytte til Balestrand i 1907, ettersom det vart bygd mange kunstnarvillaer her som trong dekor og møblar i drakestil - den rette stilen for denne tida. Dei bygde dette huset i 1910. Ivar hadde verkstaden sin i kjellaren og Eli hadde vevstolane på høgre side i første etasje. Dei fekk 9 born frå 1907 og de neste 14 åra. Det var ikkje lett å fø ein så stor barneflokk på «sine henders arbeid». Dei dyrka poteter, grønsaker og frukt i hagen, og alle måtte arbeide. Dei store måtte passe dei små, og alle hjelpte til med å fiske eller plukke bær til sal og til matauk for familien. 

Sundagane vart haldne heilage – ikkje arbeid i verkstadane. Då var Ivar som regel på fjelltur – enten til Balastølen eller til og med Keipen.

Møbelproduksjon og veving

Ivar leverte hundrevis av møblar gjennom eit langt arbeidsliv – til private heimar, til kyrkjer i Noreg og England og til og med til Keisar Wilhelm II av Tyskland. Det finst detaljerte teikningar av det meste av det han laga. Ivar var også sløydlærar rundt i nabobygdene, og mang eit møbel i heimane kringom kjem frå desse vinterskulane. Også Eli si inntekt frå vevnader var heilt nødvendig for at alt skulle gå i hop. Det meste vart seld til velståande familiar i Bergen og Oslo. Eli plantefarga garnet ho brukte – ein kunst ho hadde lært av mor si. 

Foto: Siri Madeleine Rutledal Iversen


Siste delen av livet tok dei imot turistar som ville sjå korleis dei utførte handverket sitt. Ivar døydde 19. aug 1961 etter feiring av 80-årsdag og dobbel barnedåp for oldeborn. Han vart påkøyrd ved Engelskkyrkja. Eli døydde 4. mai 1963.