
Kviknes Hotel
Kviknes Hotell
Gjestgjevartradisjonane i Balholm går attende til 1752 då Nicolai Christan Gierløw fekk løyve til å starta handels-og gjestgivarstad her. Sognefjorden var ei viktig ferdselsåre for trafikken mellom aust-og vest Noreg, og slike små gjestgiveri var vanleg der det var gode hamner. Sognefjorden var òg ein viktig inspirasjon for både forfattarar og kunstnarar og vart tidleg kjent ute i Europa som eit reisemål for den eventyrlystne turisten. Så frå midten av 1800-talet kom det fleire og fleire turistar som søkte til Noreg og Sognefjorden.
Ole og Kari Kvikne tok over gjestgivarstaden 26. januar 1877. Ole kom frå fjellgarden Kvigno i Lærdal og Kari frå Gurvin i Sogndal. Dei hadde tenestegjort hjå Johannes Danielsen, som var eigar til då. Eigedomen bestod av to små hus med sovesal for vanlege reisande og fire rom for meir priviligerte gjester.
Nokre år seinare kom broren til Ole, Knut,heim frå Amerika og gjekk også inn i drifta. Fjorden var framleis den viktigaste ferdselsvegen, og dei nye båtrutene til Nordre Bergenshus Amts Dampskibe gjorde det stadig lettare for turistar å ta seg fram i området. Saman med togruta mellom Bergen og Voss, som vart opna i 1883, var dei grunnlaget til den rivande utviklinga som skulle koma i den nye turiststaden Balholm.
Kari, Ole og Knut sette tidleg i gang med utvidingar av dei to små husa dei starta med. Arkitekt Frantz Wilhelm Schiertz teiknadet første «ordentlege hotellet». Første byggetrinn var i 1885,siste i 1890. Første byggetrinn på bygget som står i dag vart satt opp allereie i 1894 nord for Schiertz sitt bygg. Etter fleire tilføyingar og endringar, vart Schiertz sitt bygg rive i 1912 for å gi plass til utviding av 1894-bygget.
Det stod ferdig i 1913, hadde 200 senger og var det største fjord-hotellet i Noreg. Innlagt straum og vatn kom først nokre år seinare. Men det var batteridrevne ringeapparat på gjesteromma og lysestakar og petroleumslamper var merka med «Vær varsom med lyset».
På sekstitalet var det mange av dei gamle trehotella som vart rivne og erstatta av nye moderne bygg. Her vart det gamle trebygget bevart, men ei ny gjestefløy vart bygd i tre byggetrinn, det siste var ferdig i 1973. I 2007 vart det bygd ny konferanseavdeling som også vert brukt til konsertar og selskapslokale.