St. Olavs Kyrkje

 

St. Olavs Kyrkje

St. Olafs kyrkje vart fullført og innvigd i juli 1897, og frå den tida har det vorte halde gudstenester av anglikanske prestar i sommarmånadane. Kyrkja soknar til Diocese in Europe–Bispedømmet i Europa i the Church of England. Sidan det ikkje er ein lokal anglikansk kyrkjelyd i Balestrand, er det Vener av St. Olavs kyrkje som står for ettersyn og drift av kyrkja.

Inspirasjonen til bygginga av Engelskkyrkja, som den vert kalla lokalt, kom frå Margaret Sophia Green Kvikne(1850–1894). Margaret var prestedotter frå Birkin, ein liten landsby i Yorkshire, England. Margaret var glad i å gå i fjella, og var ei av dei første kvinnelege tindebestigarane.

I 1888 skreiv ho, som første kvinne, ein artikkel om bestiginga av Store Styggedalstind i årboka til Den norske Turistforeininga. Fjellinteressa tok Margaret og til Balestrand der ho møtte og gifte seg med den lokale hotellmannen og fjellføraren Knut Kvikne i 1892. Etter Margaret sin bortgang i 1894 fullførte Knut, saman med dei to amerikanske damene Gertrude Abbot og Elizabeth Winslow Peters, Margaret sin draum om ei anglikansk kyrkje i Balestrand.

St. Olavs kyrkjeer ein unik historisk bygning. Den er teikna av den unge arkitekten og seinare professor ved NTH i Trondheim, Jens Zetlitz Kielland(1866–1926).Kielland hadde studert stavkyrkjene, mellom andre den på Urnes og var oppteken av den lokale og nasjonale byggeskikken. I tråd med Zetlitz Kielland sine tankar vart arbeidet utført av lokale handverkar og kunstnarar. Berre dei ni glasmaleria av helgenar over alteret, dei fleste med tilknyting til Noreg og England, er komne frå England. Dei var ei gåve frå den engelske presten og tindebestigaren Christopher Blick Hutchinson.