
Skyttarkongen
Skyttarkongen Lars L. Ese
Denne steinen vart i 1980 reist for å heidra skyttarkongen Lars L. Ese frå Balestrand.
Han var fødd i Indre Ese i Balestrand i 1922 og vart skyttarkonge heile fire gonger i løpet av sitt korte liv–berre 38 år. Dette er ei bragd ingen, korkje før eller seinare, har meistra! I 1947, 1951, 1954 og 1955 vart han vinnar av baneskytinga på landsskyttarstemna og fekk tittelen skyttarkonge. Lars starta med skyting i 1937, 15 år gamal.
Etter krigen fekk skyttarlaga ei stor oppblomstring og auka interesse. Lars fekk delta på sitt fyrste landsskyttarstemne på Ulven i Bergen i 1947 og kom heim med den fyrste kongepokalen sin. Denne bragden gjentok han òg i 1951 på Bardufoss, i 1954 i Sandnes og 1955 på Kongsvinger.
På landskyttarstemnene sigra han 4 gonger på bana, som resulterte i 4 kongepokalar, 2 sigrar i stangskytinga, 2 sigrar i felt hurtigskyting, 2 napp i Offiserspokalen, 1 siger og 2 andreplassar i samlagskytinga. I Nordisk meisterskap sigra Lars i lagskytinga og i stangskytinga. I VM fekk han bronse i lagskytinga.
Han deltok òg i England på Brittania Shield Competition. Det var ein skytekonkurranse for allierte som hadde styrkar i England under krigen. Norge vann 4 år på rad frå 1953-1956, med Lars som beste individuelle skyttar kvar gong. I tillegg var Lars småkonge ein gong, samlagsmeister 17 gonger, og han sigra i mange lokale stemner.
Han fekk til delt Morgenbladets gullmedalje og Bergen kommunes ærespris.På landsskyttarstemnet på Kongsvinger i 1966 vart motivet av Lars prega på medaljane i samlagsskytinga, den såkalla Ese-medaljen, og kona til Lars, Kari Ese ,delte den ut til dei 3 beste samlaga.
Ese-medaljen er framleis brukt på landsskyttarstemnet og vert sett på som svært gjev å vinne. Lars vart og heidra med motiv på minnemedaljen på Os i 1972, 25 år etter sin første kongetittel.
Lars L. Ese døydde i 1960 og kunne vise til ein fantastisk karriere