Villa Lorna

“Villa Livesey”

I 1904-05 kom ein engelskmann ved namn James Livesey til Balestrand. Han var sivilingeniør og hadde leia fleire jernbaneprosjekt i USA, India, Peru og Spania – for å nemna nokre. Han fekk tak i tomt på Sande, der han let oppføra sin sommarresidens, «Villa Livesey», som den først heitte.

Huset vart bygd i 1905 av byggmeister Anders Korsvoll, som også bygde «Den Engelske Kirke St. Olav». Byggherre var den engelske jernbaneingeniøren James Livesey (11.05.1831–03.02.1925).

Han var internasjonalt kjend og var ansvarleg for fleire av dåtidas store jernbaneprosjekt i Nord-Spania, USA, Sør-Amerika, Venezuela og Costa Rica. Jernbanestrekninga over Andesfjella frå Buenos Aires i Argentina til Valparaiso i Chile vart hans største utfordring. Den såkalla «Transandino» kom opp i ei høgd på 3000 moh.

James og Sarah

James Livesey var gift med Sarah Ford (1839–09.06.1903) Dei hadde 6 born. Familien var svært velståande og hadde fleire hus i England. Sommerhuset i Balestrand vart bygd etter at han vart enkemann, 73 år gamal.

Dobbeltbryllaup i London

Anna Lorna Bellew (1884-1958) var ca. 20 år då ho vart med James til Balestrand. Kort tid etter vart ho kjend med kunstmålar Hans Andreas Dahl (01.08.1881-27.03.1919), son til kunstmålar Hans Dahl.

01.06.1907 vart det halde eit storslege dobbeltbryllaup i Philbeach Gardens nær Kensington Palace, London. Her gifte Hans Andreas seg med Anna Lorna, og søstra hans, Eline, gifte seg med Ludvig Wiese.

VILLA LORNA (Villa Bøktun) 1905

Lorna og Hans Andreas budde om vinteren i Wimbledon. Kvar sommar var dei i Balestrand i “Liveseyvillaen”. Huset vart overført til Anna Lorna, etter at ektemannen Hans Andreas døydde, berre 37 år gammal. Frå no av vart huset på folkemunne kalla «Villa Lorna».

Opprinneleg namn var «Villa Bøktun» etter dei to bøkane som enno står på nordsida av huset. Bøkane vart utdelt i kyrkjene i 1905 som minne om unionsoppløysinga med Sverige.

Bindeledd mellom Dahl og Normann

Lorna var berre 35 år då ho vart enkje. Seinare gifte ho seg med ingeniøren Walter Normann (1874-1951) i Kingston, Surrey i England. Han var sonen til kunstmålaren Eilert Adelsteen Normann (som var den første som bygde kunstnarvilla i drakestil i Balestrand). Lorna vart slik eit bindeledd mellom kunstnarfamiliane Dahl og Normann.

Walter Normann hadde ein stor yacht som heitte «Djadjanja» (Tyder: Something l`ve got that l always wanted.) Naustet vart påbygd for å få plass til den store båten.

Sommarhus med romservice og eiga kokke

Eric og kona Constance overtok huset i 1950 og brukte det som sommarhus (Walter døydde i 1951 og Lorna i 1958). Huset hadde opphaveleg kjøkken på grunnplan, med eiga trapp opp frå vegen og inngang for tenarar og leverandørar. Det var matheis frå kjøkkenet til anretningen i hovudetasjen. Huset var m.a. utstyrt med ringeklokkepanel for romservice, sentralvarmeanlegg og stor engelsk peis i marmor.

Familien hadde to tenestejenter. Begge heitte Synneva. Synneva Stokkebø var familien si faste kokke i årtider og Hermund Haugen var dreng.