Villa Strandheim

“Villa Strandheim blei bygd av målaren Hans Dahl”

Hans Dahl f. 1849 d.1937

Gift med Helene Brewer (1862-1927)

Dahl kjøpte eigedomen i 1892 for Kr. 1500 av Truls Sande. Dahl var utdanna offiser og tenestegjorde i den Bergenske brigade fram til 1874. Då tok han avskil og ville bli kunstmålar.

Han gjekk i lære hos J. F. Eckersberg og Knut Bergslien medan han gjekk på krigsskulen til 1871. Han studerte og i Karlsruhe 1872 og flytta til Düsseldorf i 1873, der han hadde Hans Gude som lærar.

Dahl budde i Berlin frå 1888, men reiste frå 1894 kvar sommar til Balestrand for å lage skisser av vestlandsnaturen. Frå 1919 budde Dahl fast i Balestrand, men han var kvar vinter i denne tida i Berlin.

Kunstnaren Hans Dahl

Hans Dahl sine bilete er ofte frå vestlandsnaturen i strålande solskin med smilande menneske i folkebunader. Dahl vart ikkje høgt vurdert av si eiga samtid, men hadde ein stor marknad hjå private samlarar. I 1980-åra vart bilete av Dahl selt for kr. 200 000.

Keisar Wilhelm II

Hans Dahl vart ein nær ven av  Keisar Wilhelm II  av Tyskland, som i 1910 utnemnde han til «kongeleg prøyssisk professor». Kvar sommar heldt Dahl store hagefestar ved Villa Strandheim. Her var keisaren fast gjest.

Familien etter Dahl

Borna til Hans Dahl var Hans Andreas og Eline, som overtok bruket frå 1938. Eline, som budde i England, brukte eigedomen til ferieopphald for seg og familien fram til 1958. Då vart eigedomen seld på auksjon. Hans Andreas vart gift med Anna Lorna Bellew i 1909.

Nye eigarar

Andreas Kvalheim kjøpte huset i 1958, men gjorde makebyte med Oddvar Ugulen i 1966 med eit hus som Ugulen hadde i Holmen. Oddvar Ugulen (1932-1988) og Solveig f. Thue var då nye eigarar. Etter at Oddvar døydde er Solveig no huseigar.

Huset har vorte svært godt halde i stand, med regelmessig vedlikehald i alle år.

Huset

Villa Strandheim er ein av dei største villaene i drakestil i bygda. Den ligg like ved strandkanten, der Dahl bygde bryggje, badehus og naust i same stil. Huset vart levert av Byggmester Jakob Digre i Trondheim.

Jakob Digre laga ferdige modular til drakestilhusa, som gjorde det fortare å setje dei opp.

Kjelde: Allkunne | Gunnar Urtegård-Balestrand II gards og ættesoge. 1991

Byggeår 1893 – Drakestil

Byggmeister: Jakob Digre,Trondheim

Byggherre: Kunstmålar Hans Dahl

Dahl kjøpte eigedomen i 1892 for Kr. 1500.- av Truls Sande.